illustration

Du skaper livet ditt!

Då eg kom på kurs i vår stod eg foran masse endringar i livet. Ut av eit studenttilvære og inn i eit nytt liv med jobb (kanskje?), vekk frå barndomsheim og Rosendal der eg vaks opp og til Sogndal, kjærasten, odelsgut med gard og ein heilt ny heim med ferdig etablerte svigerforeldre og levemåtar. De kan trygt sei at eg var ganske skjelven i beina av alle forandringane, og usikker på korleis eg skulle takle det heile. Eg stod også oppi eksamensførebuingar og var i ferd med å prøve å få meg jobb.

EKSAMEN:

Eksamen bestod i å halde ein eksamenskonsert. Solo. Alt rundt konserten skulle ordnast og planleggjast. Det var ei stor oppgåve, men også fantastisk kjekt. Med meg sjølv som solist og frie tøylar. Tre sensorar skulle sitje å vurdere praktiske, tekniske og kunstnariske prestasjonar og dele ut karakterar etter det. Eg hadde sjølvsagt førebudd meg så godt eg kunne med det musikalske. Planlagt i omtrent eit halvt år kva songar som skulle framførast, korleis scenen skulle sjå ut, plukka ut nokre musikarar som eg ville ha med på eit par songar, planlagt kva eg skulle sei mellom songane... Men kva meir kunne eg gjere?

 

I oppkøyringa (ca. 1 mnd før) til eksamen passa eg på å vere i utmerka form fysisk, gjekk tur kvar dag og øvde også gjennom konserten så alt skulle sitje. I innlæring av tekstane brukte eg trefinger-teknikken. Kvar kveld gjekk eg på nivå og snakka med sensorane mine. Fortalte dei at eg kom til å gjere ein fantastisk konsert, at dei kom til å elske det dei fekk høyre, og at dei kom til å ville gi meg ein soleklar A, toppkarakter! Eg sa også til meg sjølv at eg ikkje kom til å bli nervøs eller på andre måtar vippa av pinnen den store dagen. Mellom anna...

 

På eksamensdagen følte eg meg så førebudd som eg kunne vere, på alle plan. Eg var litt nervøs den fyrste songen, men ikkje meir enn at eg vart skjerpa, det gjekk ikkje ut over songstemma. Derifrå begynte eg å kose meg. Då nokon i publikum hadde ein telefon som ringte vart eg ikkje satt ut, men (sidan det heldigvis skjedde medan eg snakka) slo ein spøk om det i staden. Eit par andre småting skjedde undervegs, men ikkje store greier. Etterpå var eg ikkje heilt fornøgd, men det er ein aldri. Spesielt når ein er perfeksjonist i det ein gjer, slik som meg. Eg var veldig nervøs då eg gjekk inn for å få vite karakteren. Trudde nok ikkje at det kunne ha blitt betre enn B, på grunn av dei småtinga som eg visste ikkje var heilt perfekt og etter planen. Men... Eg fekk A! Slik eg hadde programmert. Sensorane var imponert over at eg hadde takla telefonen så bra, og syns ellers at alt var gjennomarbeidd og flott levert. Eg takka i mitt stille sinn Silvametoden, og lurte på om eg egentlig fortjente karakteren, eller om det heile var trolldom og fanteri. Men bestemte meg for å nyta suksessen!

 

JOBB:

Eg er utdanna lærar, med mykje musikk vidare i utdanninga mi. Etter kvart som eg har tort å satse på det eg verkeleg vil kan eg no kalla meg musikar. Eller eg vågar no å kalle meg det, særleg etter at eg har noko utøvande på papiret. (Du skal som kjent ikkje tru du er noko...) Det var ikkje mange jobbar å søkje på for meg i vår. Det er ikkje mykje å få som lærar. (Eg har lurt på om det eigentlig var universet som sa til meg: "du skal ikkje jobbe i skulen, du skal vere freelans". Men det er litt for usikkert for meg å gjere det enno.) Etter kvart fann eg ein jobb utlyst som distriktsmusikar, og fekk veldig lyst på den jobben. Det var i Førde, 1,5 time å køyre kvar veg frå Sogndal der eg skulle bu. Eg følte at familien og kjærasten ikkje syns det var nokon god ide, m.a. på grunn av avstanden, men eg ville søkja. Det gjorde eg og vart kalla inn til prøvesong. Prøvesongen gjekk fint, men eg fekk ikkje jobben. Ei anna passa betre for dei. Ok. Like greit, tenkte eg, sjølv om eg var litt skuffa. Då var det vel noko anna som skulle hende meg. Eg søkte på forskjellige lærarjobbar, men fekk ingenting. Plutselig ein dag ringte rektoren på kulturskulen i Førde. Om eg kunne vere vikar der eit år, fordi ho som var ansatt skulle ut i fødselspermisjon. Eg takka ja til jobben. Eit år med fast inntekt på å gjere det ein elskar, få verdifulle kontaktar, arbeidserfaring... Og sidan det er langt å pendle hadde eg kanskje ikkje orka å jobbe der i meir enn eit år uansett? Kvan veit. Eg har uansett mykje større tillit til at ting ordnar seg av seg sjølv no. Eg stolar på at "universet" vil meg vel, og at det ein sender ut får ein attende. Derfor prøver eg å behandle alle eg møter med respekt, toleranse og rausheit/generøsitet. Om eit år har eg kanskje mot til å vere freelans på full tid? Viss det er det eg skal.

 

FLYTTING/ NYTT LIV:

Det er mykje å bekymre seg for viss ein vil bekymre seg. Korleis skal det gå å starte eit nytt liv på ein gard der mange ting er etablert. Korleis skal eg få plass til meg sjølv der? Kan eg gjere ting på min eigen måte? Kjem eg til å passe inn? Korleis skal det gå med dei eg flyttar ifrå? Foreldra mine har berre meg. Får eg jobb? Kan eg klare å gjere denne jobben? Er eg god nok?

 

Eg er mykje roligare no i forhold til desse tinga. Eg har gått på nivå og bedt om ro og innsikt, tru på at ting skal ordne seg. Eg veit det ikkje er så konkret, men det har virka. Eg er lysare til sinns, har meir sjølvtillit, og tør å sleppa kontrollen meir. (Før har eg vore meir av ein kontrollfrik.) Dei siste månadane har eg til og med klart å fokusere på å glede meg til det heile: flytting og ny jobb. Det er kanskje sjølvsagt for mange at ein skal glede seg til slike ting, men for meg har det ikkje alltid vore lett. Eg er nemlig spesialist på å planlegge ting og så bekymre meg for om dei kjem til å gå etter planen, evt. frike ut dersom dei ikkje går etter planen. Stakkars kjærasten min som må leve med det. Men eg har skjerpa meg, og skal skjerpe meg meir, for no veit eg at det er uøkonomisk å sløse sånn med energien sin. Det som skjer det skjer, og ofte for ein spesiell grunn. Så go with it!

 

Takk Silvametoden, Reidunn og Øystein, for verdifulle verktøy til livsvegen min!

 

Beste helsing Kari M.

 

Bli venn med Silvametoden på:

« mai 2012 »
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31

Suksesshistorier

Det mest avanserte selvutviklingsprogrammet som er tilgjengelig.
Les mer
Jeg er sikker på at RCA Corporation vil gjøre det godt også fordi vi kjører et slik progressivt program som SilvaMetoden.
Les mer
Stine tenker seg til VM-gull
Les mer

Naturlig, sunn søvn er grunnlaget for et godt liv.

For lite regelmessig søvn kan bidra til at livskvaliteten forringes kraftig.

Les mer